Prioriteringar for straffesaksbehandlinga i 2026

Målet med det årlege prioriteringsrundskrivet er at embetsleiar og politimeister saman skal sørgje for aktiv prioritering av saker, slik at etterforskingsinnsatsen får størst mogleg effekt i kampen mot kriminalitet.

Rundskrivet blei i 2025 endra til eit reint prioriteringsdirektiv. Denne innrettinga er vidareført i 2026. Endringa skjer i samanheng med Den høgare påtalemakta sin auka innsats i fagleiinga av politiet, noko som inneber styrka oppfølging av resultata i politiet og forsterka samarbeid med Politidirektoratet.

Politiet sin innsats mot dei alvorlegaste kriminalitetstrugslane i samfunnet ligg i kjernen av samfunnsoppdraget og står fast, sjølv om dei ikkje står særskilt lista opp i prioriteringsrundskrivet. Den nye innrettinga inneber at prioriteringsrundskrivet er retta til embetsleiarane ved statsadvokatembeta og politimeistrane, som har svært god kunnskap om kriminalitetsutfordringane nasjonalt og lokalt. Dei skal samarbeide tett om prioriteringar og utarbeide lokale føringar for heile straffesaksportefølja på bakgrunn av riksadvokaten sine overordna føringar. Dei skal mellom anna sørgje for at kampen på kriminalitetsområda i kjernen av samfunnsoppdraget blir varetatt.

Embetsleiarane og politimeistrane skal vidare aktivt og kontinuerleg følgje opp at føringane blir fylgt.

Les prioriteringsdirektivet, rundskriv 1/2026, her:

  • Last ned dokumenter
  • Prioriteringer for straffesaksbehandlingen i 2026 (152kb) Last ned