Den høgare påtalemakt

Påtalemakta i Noreg har tre nivå:
⦁ riksadvokaten
⦁ statsadvokatane
⦁ påtalemakta i politiet

Dei to øvste nivåa utgjer Den høgare påtalemakta. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for all straffesaksbehandling, både i politiet og i Den høgare påtalemakta.
Sjå meir informasjon om dei enkelte nivåa i lenkjene til høgre.

Påtalemakta i politiet avgjer tiltalespørsmålet i dei fleste saker, men i ein del alvorlege lovbrot er det statsadvokaten eller riksadvokaten som har tiltalekompetansen. Reglane om dette finst i straffeprosesslova kapittel 7.

Påtalemakta skal vera objektiv sjølv om den er part i straffesaka. For å ta ut tiltale må påtaleansvarlege vera overtydd om straffskuld, og dessutan meine at det kan førast tilstrekkelege bevis for straffeskuld mot gjerningspersonen i retten.

Dersom beviskravet ikkje er oppfylgd, kan ikkje påtalemakta tiltale eller leggje ned påstand om straff. Om lag 95 prosent av alle straffesaker vert ført i domstolen, ender med domfelling.

  • Mål og verdiar

    Hovudmålet for Den høgare påtalemakta er å medverke til redusert kriminalitet ved målretta og effektiv straffesaksbehandling, samtidig som ein innfrir krava til høg kvalitet og rettstryggleik.

    Verdigrunnlag for Den høgare påtalemakta:

    ⦁ Strafferettssystemet, inkludert vår eiga oppgåveløysing, skal alltid tola eit kritisk lys
    ⦁ Det humane preget på strafferettspleia har ein eigenverdi som vi må ta vare på
    ⦁ Rettstryggleik i vid forstand er av avgjerande betydning, også i eit tillitsperspektiv
    ⦁ Det er ingen grunnleggjande konflikt mellom god innsats mot kriminalitet og menneskerettar

  • Uavhenge påtalemakt

    Eit tospora system

    Ansvarsforholda i politiet er delt: Medan riksadvokaten har ansvaret for straffesaksbehandlinga, har Politidirektoratet og Justisdepartementet ansvaret for administrative, økonomiske og polisiære spørsmål, som til dømes førebyggjande verksemd og ordensteneste.

    Det er lovfesta i straffeprosesslova § 55 at påtalemakta er uavhengig ved behandlinga av kvar enkelt straffesak. Ingen kan instruera påtalemakta i enkeltsaker eller gjera om eit påtalevedtak. Dette sjølvstendet inneber at ingen utanfor påtalemakta, heller ikkje politiske styresmakter, kan gi instruksar om behandling i ei straffesak.

     

     

    Bildet viser organisasjonskart for justissektoren

    Organisasjonskart for justissektoren.

  • Integrert påtalemakt

    I Noreg er første nivå i påtalemakta integrert i politidistrikta som blir leidde av politimeistrane. Fordelen med ei påtalemakt i politiet er særleg at det legg til rette for eit nært samspel mellom påtalejuristar og polititenestemenn under etterforskinga; ein såkalla integrert og framskoten påtalefunksjon.

    Påtalejuristen, som ofte er ein politiadvokat, skal klarleggja kva faktiske omstende etterforskinga bør avklare. Politietterforskarane skal få fram den etterspurde informasjonen, gjennom mellom anna ulike typar undersøkingar og avhøyr. Nokre metodar for innhenting av informasjon krev vedtak frå påtalemakta eller domstolane, slik at påtalejuristen også av den grunn må trekkjast aktivt inn i etterforskinga.

    Også i Danmark er påtalemakta integrert i politiet, medan dei fleste andre vestlege land, som til dømes Sverige, har eit tydlegare administrativt skilje mellom politi og påtalemakt. Men også i desse landa har påtalemakta som regel ei sentral rolle i etterforskinga.

    Les meir om påtalemakta i politiet her.

  • Spesialeininga og Generaladvokatane

    Spesialeininga for politisaker har ansvaret for å etterforske, påtaleavgjere og føre saker mot tilsette i politi- og påtalemakt om straffbare handlingar i tenesta. Spesialeininga er eit eige organ utanfor politi- og påtalemakta, men har likevel påtalekompetanse på sitt område, jf. straffeprosesslova § 67 sjette til niande ledd og påtaleinstruksen kapittel 34. Riksadvokaten kan gi instruksar om, og er klageorgan for straffesaksbehandlinga i Spesialeininga.

    Generaladvokaten utfører oppgåver tillagt påtalemakta i militære straffesaker. I tillegg er Generaladvokaten den juridiske rådgjevar til forsvarssjefen, og er saman med krigsadvokatane rådgjevar for heile Forsvaret i straffe- og disiplinærsaker. Saman med Krigsadvokaten for Sør-Noreg og Krigsadvokaten for Nord-Noreg utgjer Generaladvokatembetet Den militære påtalemakt. Riksadvokaten og statsadvokatane er overordna påtalemakt også i saker som gjeld brot på den militære straffelova.

  • Nyttige lenkjer
    • Økokrim er kompetansesenteret i politiet og påtalemakta for bekjemping av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.
    • Politidirektoratet har ansvaret for å leie og samordne politiet. Politiet si straffesaksbehandling er det likevel riksadvokaten som har det overordna ansvaret for.
    • Politi.no er politiet si heimeside.
    • Domstoladministrasjonen er den administrative overbygninga for landets domstolar og jordskifterettar.
    • Lovdata er en privat stiftelse oppretta i 1981 av Justisdepartementet og Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo. Lovdata sitt formål er å etablere og drive system for rettsleg informasjon. Nettstedet gir gratis tilgang til bl.a. lover, sentrale og lokale forskrifter og nye høgsteretts- og lagmannsrettsavgjersler. Lovdata har dessutan ein betalingsløsning for øvrige rettskilder.
    • Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap, kriminalitetsbekjemping og kriminalomsorg, innvandring og integrering, domstolar, lovarbeid og polarområda.
    • Regjeringen.no  regjeringa og departementene si heimeside..
    • Regjeringsadvokaten er staten sitt advokatkontor i sivile saker. Embetet er prosessfullmektig for departementer i rettssaker, og bistår regjeringa og departementene i rettslege spørsmål. Regjeringsadvokatembetet er ikkje ein del av påtalemakta.
    • Sivilombodet kontrollerer forvaltninga. Kontrollen utførast på grunnlag av klager frå borgarane om urett og feil som måtte være gjort av offentleg forvaltning.
    • Stortinget  er den norske nasjonalforsamlinga og lovgivande makt i Noreg.
    • Eurojust er eit samarbeid på statsadvokatnivå mellom land i Europa for å lette samarbeid på tvers av landegrensene i straffesaker .
    • Europol er eit europeisk politisamarbeid som har som hovudoppgåve å fremme samarbeid mellom politiet i dei europeiske samarbeidslanda.

     

    Riksadvokatembete i Norden

Bildet viser riksadvokat Jørn Maurud.

Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud

Tidlegare riksadvokatar er:
1889–1901 Bernhard Getz
1901–1904 Johan Blackstad
1906–1911 Harald Smedal
1911–1929 Peder Kjerschow
1928 Otto Backe
1929–1940 Haakon Ragnvald Olsen Sund
*
1945–1946 Sven Arntzen
1946–1967 Andreas Aulie
1968–1979 Lauritz Dorenfeldt
1979–1986 Magnar Flornes
1986–1997 Georg Fredrik Rieber-Mohn
1997– 2019 Tor-Aksel Busch
2019– Jørn Sigurd Maurud

* 1941–1945 Jørgen Kornelius Nordvik,
konstituert av det kommissariske statsrådskollegium

 

Riksadvokatembetet Statsadvokatembeta Påtalemakta i politiet