Årsrapport for Den høgare påtalemakta 2022

Talet på avgjorte saker og aktorat i dei lågare rettsinstansane har gått ned, men det har vore fleire aktorat i Høgsterett og ei solid nedgang i restansar. I all hovudsak er måla nådd.

Statsadvokatane avgjorde 64 071 saker og utførde 910 aktorat i 2022, som er ei nedgang frå 2021. Talet på restanse-saker (saker som har ligge til behandling uavgjort i meir enn 30 dagar) har derimot gått ned med 36 prosent frå i fjor. Talet på høgsteretts-aktorat,  som normalt er svært ressurskrevjande å førebu, har auka.

Riksadvokaten tok i 2022 initiativ til å hente inn eit utval brannsaker for påtaleavgjerd, i samband med eit prosjekt om brannsaker som varer fram til april 2023. Prosjektet har gitt verdifull innsikt som vil bli brukt i arbeidet med eit kommande rundskriv om etterforsking av slike saker.

Tida brukt på fagleiing i Den høgare påtalemakta har auka i 2022. Nokre embete har samarbeidd om fagleiing på tvers av regionar og politidistrikt. Dei nye delegasjonsreglane trådte i kraft i juli 2022. Det vil i 2023 framleis vere viktig for statsadvokatane å finne rett balanse mellom enkeltsaksbehandling og fagleiing av politiet.

  • Last ned dokumenter
  • Årsrapport Dhp 2022 (826kb) Last ned
  • Vedlegg Regnskap og noter 2022 (311kb) Last ned
  • Revisjonsberetning For Riksadvokaten 2022 (136kb) Last ned