Betre kvalitet på etterforsking og påtalearbeid i valdtektssaker
Statsadvokatane har for andre gong systematisk undersøkt valdtektssaker frå heile landet for å sjå om kvaliteten på etterforskinga og påtalearbeidet er god nok. Konklusjonen av Kvalitetsundersøkinga 2020 er at politiet er blitt betre på etterforskinga av slike saker.
Undersøkinga av prioriterte valdtektssaker er del av statsadvokatanes satsing på fagleiing av straffesaksbehandlinga i politiet. Statsadvokatembeta har gått gjennom om lag 600 påtaleavgjorde valdtektssaker ved hjelp av ei «sjekkliste» med meir enn eitt hundre punkter.
Hovedkonklusjonen i rapporten er at politiet er blitt betre på å etterforske slike saker. Vi er glade for at innhaldet i politiavhøyra er gjennomgåande svært godt og at arbeidet som mellom anna vert gjort i innleiingsfasen, og seinare i saka med elektronisk sporsikring, rusmiddelundersøking og utforming av skuldingar, er betre. Sjølv om det fortsatt manglar etterforskingsplanar i for mange saker og andelen videoopptak av avhøyr er for låg, er vi nærare den etterforskingskvaliteten vi bør ha, seier riksadvokat Jørn Maurud.
Resultata er ikkje eigna som direkte samanlikningsgrunnlag til dømes med Politidirektoratet sin årlege rapport om meldt kriminalitet og straffesaksbehandling, men dei gir eit oversiktsbilete over utviklingstrekk, og gir eit godt grunnlag for å vurdere om det har skjedd endringar i kvaliteten på etterforskinga av valdtektssaker.
Kontaktpersoner: riksadvokat Jørn Maurud og førstestatsadvokat Katharina Rise, tlf 22 477850.
Les rapporten – Riksadvokatens skriftserie 1/2020 – her:
- Last ned dokumenter
- Nasjonal rapport Kvalitetsunders Last ned