Kvalitetsundersøkinga 2016 - kvalitet på etterforsking og påtalearbeid i mishandlings- og valdtektssaker

Statsadvokatane har for fyrste gong undersøkt same type saker frå heile landet for å sjå om kvaliteten på etterforskinga og påtalearbeidet er god nok. Mishandling mot nærståande og valdtekt er dei fyrste sakstypene som er undersøkt på slik systematisk måte. Resultata gir statsadvokatane og politimeistrane eit godt grunnlag for å utforme målretta tiltak for å heve kvaliteten på etterforskinga og påtaleavgjerdene i desse viktige sakene.

Undersøkinga er del av statsadvokatanes satsing på fagleiing av straffesaksbehandlinga i politiet. To statsadvokatar frå kvart av dei 10 statsadvokatembeta har gått gjennom fleire hundre saker ved hjelp av ei «sjekkliste» med meir enn eitt hundre punktar. Nokre av konklusjonane i rapporten er at kvaliteten på gjennomføring av avhøyr og etterfylgjande avhøyrsrapportar er gode, men at ein må bli betre på å nytte lydopptak. Sikring av bevis i initialfasen – tidleg fase i etterforskinga – og bruken av etterforskingsplanar kan bli betre. Ein kan og nytte tvangsmidlar i større grad i saker der det er aktuelt.

  • Last ned dokumenter
  • Kvalitetsundersøkelsen (679kb) Last ned
  • Vedlegg 1 Mishandling i nære relasjoner hele landet (5977kb) Last ned
  • Vedlegg 2 Voldtektssaker hele landet (4033kb) Last ned