Mål og prioriteringar for 2023 frå riksadvokaten

Riksadvokaten avgjer kvart år kva slag kriminalitet som skal ha høgst prioritet i straffesaksbehandlinga i politiet. No er årets skriv om prioriteringar klart.

Dei overordna måla om rettstryggleik og låg kriminalitet er førande for arbeidet i påtalemakta, slik som i fjor. Det krev målretta leiing av etterforskinga, effektiv og rettstrygg straffesaksbehandling av høg kvalitet, riktige reaksjonar og ivaretaking av menneskerettane gjennom heile straffesakskjeden.

Nytt i rundskrivet i år er mellom anna samansette truslar grunna den tryggingspolitiske situasjonen, og omtalen av den aukande kriminaliteten i det digitale rom.

Rundskrivet vidarefører elles hovudlinjene frå skrivet i fjor.

Les rundskrivet her:

  • Last ned dokumenter
  • Mål og prio 2023 (202kb) Last ned
  • Følgebrev Mål og prioriteringer 23 (146kb) Last ned
  • Mål Og Pri 2023 Vedlegg (72kb) Last ned