Mål og prioriteringar for 2024

Riksadvokaten avgjer kvart år kva slag kriminalitet som skal ha høgst prioritet i straffesaksbehandlinga i politiet. No er rundskrivet om prioriteringar for 2024 klart.

Rundskriv 1/2024 vidarefører hovudlinjene frå tilsvarande rundskriv for 2023 og må som tidlegare år sjåast i samanheng med øvrige styringsdokument.

Dei overordna måla om rettstryggleik og låg kriminalitet er som i fjor førande for arbeidet i påtalemakta. Det krev målretta leiing av etterforskinga, effektiv og rettstrygg straffesaksbehandling av høg kvalitet, riktige reaksjonar og ivaretaking av menneskerettane gjennom heile straffesakskjeda.

Les rundskrivet her:

  • Last ned dokumenter
  • Mål Og Prioriteringer 2024 (173kb) Last ned