Nytt rundskriv om infiltrasjon og provokasjon

Riksadvokaten har utarbeidd eit nytt rundskriv om infiltrasjon og provokasjon som gjeld både på og utanfor internett. Rundskrivet erstattar tidlegare rundskriv og retningslinjer. Rundskriv 2/2018

Infiltrasjon og provokasjon som ledd i etterforsking er ikkje lovregulert, og rundskriv 2/2018 er derfor utarbeidd utifrå dei rammer og skrankar som er trukke opp blant anna i rettspraksis. Forslag om lovregulering er sett fram av Straffeprosesslovutvalet i NOU 2016:24.

Bruk av infiltrasjon og provokasjon er aktuelt i ulike typar saker av alvorleg karakter, blant anna drap og narkotikalovbrot. I dei seinare åra har desse metodane særleg vore omtalt i samband med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn og spreiing av overgrepsmateriale, som er eit høgt prioritert område for politiet.

Rundskrivet erstattar rundskriv 2/2000.

Les det nye rundskrivet og riksadvokaten sitt brev til Justisdepartementet her:

 

  • Last ned dokumenter
  • Rundskriv 2-2018 Infiltrasjon og provokasjon (377kb) Last ned
  • Brev til Justisdepartementet (16kb) Last ned