Om generelle retningslinjer for infiltrasjon og provokasjon

Etter tilbakemelding frå politi og påtalemakta vil riksadvokaten utarbeide nye generelle retningslinjer for infiltrasjon og provokasjon som skal gjelde både på og utanfor internett. Når eit slikt forslag er klart vil det bli gjennomført ei ny høyring.

Riksadvokaten sende i februar ut eit forslag til reviderte retningslinjer for infiltrasjon og provokasjon på internett på intern høyring hos utvalde instansar innanfor politi og påtalemakta. Etter tilbakemeldingar frå høyringsinstansane har riksadvokaten konkludert med at det i staden for å oppdatere retningslinjene som er spesifikke for bruken av desse metodane på internett, skal utarbeidast nye generelle retningslinjer for infiltrasjon og provokasjon. Dette vil ein gjere ved å revidere rundskriv nr. 2/2000 om vederlag til politiet sine kjelder og provokasjon som etterforskingsmetode.

Eit slikt arbeid vil uunngåeleg ta noko meir tid enn ein revisjon berre av retningslinjene for internett. Ein tar sikte på å ha eit utkast klart i løpet av nokre månader. Etter det vil riksadvokaten skrive til Justis- og beredskapsdepartementet om mogeleg behov for lovregulering av desse metodane.

Inntil vidare gjeld rundskriv nr. 2/2000 supplert med retningslinjene for infiltrasjon og provokasjonsliknande tiltak på internett av 2. oktober 1998.

Les brevet frå riksadvokaten her:

 

  • Last ned dokumenter
  • Infiltrasjon og provokasjon - videre prosess (19kb) Last ned