Føringar for statsadvokatane si fagleiing i 2026
Riksadvokaten vil at statsadvokatane i samarbeid med dei nye regionane Nord, Sør, Øst og Vest finn tiltak som tek omsyn til lokale forhold.
Statsadvokatane skal rette fagleiinga mot områda normering, resultatoppfølging, tilsyn og kompetanseheving. I tillegg til dei nasjonale føringane, skal statsadvokatane gjennomføre fagleiingsaktivitetar som er tilpassa utfordringar og behov i politidistrikta. Fagleiingsplanane for dei fire regionane skal sendast til riksadvokaten innan 15. desember d.å.
Dei overordna føringane til statsadvokatane om fagleiing av politiet følger av rundskriv frå riksadvokaten nr. 3/2020. I tillegg må statsadvokatane ta omsyn til dei krav og føringar som følgjer av det årlege prioriteringsrundskrivet og disponeringsskrivet. Det årlege prioriteringsrundskrivet har ei ny innretting, med eit klart formål om tettare samarbeid mellom statsadvokatane og politimeister. Statsadvokaten skal særleg følgje opp at distriktet rettar seg etter prioriteringane frå riksadvokaten.
Les føringane frå riksadvokaten her:
- Last ned dokumenter
- Riksadvokatens føringer for fagledelsen I 2026 (103kb) Last ned